Driftsmeldingar

Informasjon om feil, nedetid og planlagt arbeid i breibandsnettet og digital-TV. Du kan også melde frå om feil på breiband og TV.

Driftsmeldingar

Brudd i forhandlingane mellom Telia og TV 2

01. mars kl 10:10

Telia Play er utan TV 2
Vår TV-leverandør Telia, har siste tida vore i TV-forhandlingar med TV2 og har ikkje vorte samde om ein vidare TV-avtale, dermed må Telia fjerne TV 2 sine kanalar og strøymetenester frå Telia Play.
Vi beklagar ulempene dette medfører kundane våre og gir 50 ekstra TV-poeng som er tilgjengeleg i valmenyen.
Les meir her: https://www.tussa.no/nyheiter/...

Telia sine forhandlingar med TV 2

19. feb. kl 08:54

Vår TV-leverandør Telia, forhandlar med TV 2 om ein ny og langsiktig TV-avtale. Dersom dei ikkje kjem fram til ei løysing, vil TV 2 sine kanalar og strøymetenester bli utilgjengelege på Telia si TV-teneste frå 1. mars.

Om dette skjer, vil du som kunde få 50 ekstra TV-poeng automatisk som kompensasjon.

Du finn oppdatert informasjon om forhandlingane på Telia sine nettsider: https://www.telia.no/tv/tv-2-info/

Planlagt arbeid

Eldre TV-boksar vert fasa ut

Planlagt: 11. mars kl 00:00 - 31. juli kl 00:00

Telia har starta arbeidet med å fase ut eldre TV-boksar.

Utfasinga vert gjort i fleire omgangar, der dei eldste TV-boksane sluttar å virke i sommar. Dersom du brukar ein eller fleire boksar av den gamle typen, må desse bytast.

Les meir om saka her:
https://www.tussa.no/kundeservice/digital-tv/utskifting-av-eldre-tvbokser

Meld frå om feil på TV eller internett

Kva gjeld det?