Kva leitar du etter?

E-faktura

Fakturainformasjon

Grunna innføring av nytt faktura- og kundesystem er Di side utilgjengeleg frå 1. juli. Etter dette vil du difor ikkje ha tilgang til fakturaoversikta på Di side eller Tussa kundeapp. Du kan finne tidlegare faktura i nettbanken din eller ved å kontakte kundesenteret.

Dersom du har eFaktura-avtale med banken din kan du finne faktura frå Tussa IKT i nettbanken din. Kvar denne informasjonen ligg kjem an på kva bank du brukar:

  • Sparebanken Møre: Åpne menyen og velg eFaktura arkiv under fanen Avtalegiro og eFaktura (obs: frå appen må du velje Flere tjenester og Gå til nettbank for å få opp dette valet).
  • Sparebank 1: Gå til Betaling, velg eFaktura og deretter Arkiv.
  • Nordea: Gå til Betalinger og velg eFaktura.
  • DNB: Gå til Dagligbank og lån og velg Utførte betalinger.

Treng du hjelp til å finne fram, eller ønskjer du å få tilsendt tidlegare faktura frå Tussa IKT? Kundesenteret vårt står klare til å hjelpe deg.

Bruk elektronisk faktura

Mottek du faktura på papir? Gå over til eFaktura, e-postfaktura eller SMS-faktura - enkelt, papirlaust og miljøvenleg.