Kva leitar du etter?

Tyrholm farstad feeder
Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto
IT-tenester

Tyrholm & Farstad har starta ei ny epoke på Flatholmen

Tussa IKT står for nettverks- og sikkerheitsløysingar til den nye terminalen.

Ålesundsselskapet som har spesialisert seg innan logistikk, held i desse dagar på å flytte frå den gamle kontainerterminalen i Skutvika til ny terminal på Flatholmen i Ålesund. Den strategiske satsinga skal auke effektiviteten og betre sørvisen til det lokale næringslivet. Samstundes vert administrasjonen i Grimmergata 5 og terminalansatte på kontainerterminalen samlokalisert på Flatholmen. Tussa IKT har vore leverandør til Tyrholm & Farstad i fleire år, og vart tidleg invitert inn i planlegginga av ny terminal.

«Med Tussa IKT som partnar på nettverkstenester og IT-sikkerheit, er Tyrholm & Farstad godt rusta til å møte utfordringane i transport- og logistikkbransjen»
Jan Arve Hoseth, daglig leder, Tyrholm & Farstad

Eit viktig suksesskriterie var å sikre god wifi-dekning i dei nye hallane og rundt lasteområda. Ettersom truckane som lastar og lossar varer skannar varene direkte inn i system som er plassert i Tussa sitt datasenter, er dei avhengige av stabil tilkopling på heile anlegget. Med store areal og avstandar, og låge temperaturar kombinert med flyttbare stålreolar og kontainarar fulle med varer som skal til og frå hamna i Ålesund, var god planlegging viktig for å finne ei løysing som kunden er godt tent med.

Den nye nettverksløysinga frå Tussa IKT er basert på produkt frå Fortinet, og er levert som ei teneste. Det betyr at Tussa IKT tek ansvar for drift og overvaking av heile løysinga, i tillegg til å ha reserveutstyr på lager lokalt, og stiller med kompetanse til å bistå kunden raskt ved behov. Tussa IKT leverer òg sikkerheitstenester som skal sikre at uvedkomande ikkje får tilgang til systema.

Med Tussa IKT som partnar på nettverkstenester og IT-sikkerheit, er Tyrholm & Farstad godt rusta til å møte utfordringane i transport- og logistikkbransjen.