Steinar Hauge
Marknadssjef
Tussa IKT
Ei framtidsretta kommunikasjonsløysing for havbruksanlegg som gir stabil og sikker dataoverføring under krevjande forhold.
Tussa IKT og Tussa Installasjon har i samarbeid levert ei komplett løysing til havbruksanlegg som består av kommunikasjonsløysing og merdeskap i PE-plast produsert av lokal leverandør. Vi har designa og montert IoT-skap på merdene med elektroinstallasjon og industriswitch.
På fôrflåten har vi montert ein distribusjonsnode som kommuniserer med alle IoT-skap og klientnodane der. Kunden nyttar dette systemet mellom anna for å kople til IP-nettverkskamera ute på merdene. Videostrøymen blir transportert inn til regionkontrollsenteret der kunden kan overvåke laksen heile døgnet.
Løysinga nyttar frekvensområdet rundt 60 Ghz, som ikkje blir nytta av andre teknologiar og dermed er mindre påverka av støy. Løysinga er enkel å montere og administrere, og kan enkelt utvidast etter behov. Vi kan levere løysinga som punkt-til-multipunkt-system, eller som eit mesh-nettverk.
Løysinga gir stabil, rask og sikker dataoverføring med gigabit-kapasitet og svært låg responstid. Tussa IKT har jobba med leverandøren Cambium Networks i over ti år, og har svært gode erfaringar med dei.
Tussa kan levere ferdig løysing, frå planlegging og klargjering, heilt ut til sluttmontasje ute på anlegg. Når anlegget er ferdig levert tilbyr vi supporttenester.
Lurer du på om løysinga kan vere aktuell for deg? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Marknadssjef
Tussa IKT