Med kraft til å skape i 75 år
Vi er stolte over å feire 75 år med kraft, innovasjon og fellesskap. Sidan oppstarten i 1949 har Tussa vore ein påliteleg leverandør av energi og teknologi, med mål om å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.
Med kraft til å skape framtida
Tussa har gjennom 75 år utvikla seg frå å vere eit lokalt kraftselskap til å bli ein viktig aktør innan fornybar energi og teknologi på Nord-Vestlandet. Selskapet vart etablert 28. desember 1949 med mål om å produsere rein energi frå Tyssefossen på Bjørke. Etter fleire års arbeid vart Tussa kraftverk sett i drift i 1961, og produserte om lag 200 GWh det første driftsåret.
Gjennom åra har Tussa utvida verksemda si med fleire kraftverk. På 1990-talet vart Tussa omdanna til konsern og fusjonerte med lokale e-verk på søre Sunnmøre. Dette førte til ei storstilt oppgradering av eksisterande kraftverk og bygging av nye.
I tillegg til kraftproduksjon har Tussa satsa på breiband og IT-tenester. I 2002 starta utbygginga av breiband, og i 2009 vart fiberutbygginga sett i gang. Tussa leverer i dag internett med høg hastigheit, strøymetenester og TV til både private og bedrifter. Selskapet har også styrka installasjonstenestene sine, og har i dag det største elektrotekniske fagmiljøet i regionen.
Tussa sitt datasenter, som opna i 2015, er eit døme på grøn og miljøvennleg IT. Dei siste åra har skytenester og IT-sikkerheit blitt viktige berebjelkar i IT-satsinga.
Gjennom heile historia har Tussa vore ein pådrivar for utvikling og innovasjon innan fornybar energi og teknologi, og har bidrege til å skape næringsutvikling og gode levekår for innbyggjararne i regionen.
Framtidsplanar, berekraft og innovasjon
I tillegg til å feire 75 år, er vi i gang med mange prosjekt. Her er noko av det vi jobbar med.
Meir fornybar energi: Vi jobbar kontinuerleg med å modernisere og ruste opp dei eldre kraftverka våre, og har fleire nye vasskraftverk under bygging. I Stryn er vi i gang med Røyrhus kraftverk, og i Ørsta byggjer vi Skårelva kraftverk. Vi har også planar om å byggje eit nytt Tussa kraftverk på Bjørke i Volda kommune.
Energisparing og solceller: Smarthussystem, solcelleanlegg og ladestasjonar for elbil. Vi har ekspertkompetanse som kjem kundane og miljøet til gode.
Rask, raskare, raskast: Internett og IT er samfunnskritisk infrastruktur som knyt samfunnet og menneska tettare saman. Vi held infrastrukturen ved like og tek i bruk ny teknologi som gjer fiberen raskare og meir påliteleg.
Tussa berekraftsfond: Vi støttar frivillige lag og organisasjonar som vil gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling.
Historier frå kundane våre
Fra arvesølv til framtidsgull
Det som starta med eit ønskje om å produsere rein energi frå Tussafossen på Bjørke, har i løpet av 75 år endra lokalsamfunnet vårt, og gjort oss til det vi er i dag.
Ta kontakt viss det er noko du lurer på
- Sentralbord
- Tlf. 70 04 62 00
- firmapost@tussa.no
- Kundesenter
- Tlf. 70 04 63 00
- Kontaktskjema kundesenter
- Tussa Installasjon
- Tlf. 70 00 90 30
- installasjon@tussa.no